​Å pressa ein tørr sitron

Netanyahus verbale akrobatikk har igjen ført til at Stormuftien av Jerusalem igjen er løfta fram i offentleg ordskifte. Igjen skal denne sitronen skvisast - for å skapa den grovt løgnaktige assosiasjonen "Arafat = Hitler". Greitt nok.

i 1916 inngjekk leiarane for internasjonal sionisme – med Chaim Weizmann i spissen – ein «gentlemans agreement» som førde til Balfourerklæringa eitt år etter. På dette tidspunktet hadde sionistane nokre spreidde fotfeste i Palestina, men utgjorde ein forsvinnande liten del av innbyggjartalet i landet. I følgje denne avtalen skulle sionistane få Palestina i byte mot at sionistane hjalp til med å dra USA inn i krigen.

Kvifor kom denne avtalen?

Då avtalen vart inngått førde Woodrow Wilson valkamp på parolen «he kept us out of the war”. Motstanden mot at USA skulle gå inn i krigen på amerikansk side var sterk. Særleg tre grupper i det amerikanske samfunnet utmerkte seg når det galdt motstand mot krigen. Det galdt sjølvsagt amerikanarar med bakgrunn frå Tyskland. Det galdt irsk-amerikanarar, som ikkje ønskte å hjelpa eit Storbritannia som framleis heldt Irland i lenkjer. Og det galdt jødar, som ikkje ønskte å hjelpa Ententen så lenge han var basert på allianse med eit tsar-Russland som offisielt diskriminerte jødar.

Å føra krig er ekstremt kostbart – særleg krigar i dette formatet. Tyskland hadde den mest moderne industrien i Europa, og produserte til sjølvkost. Men våpen- og matforsyningane til Frankrike og Storbritannia var annleis. Båe landa kjøpte store mengder våpen, ammunisjon og anna krigsrelevant produksjon i USA – der krigen førde til kraftig vekst etter nokre månader med utryggleik.

Sidan ententens krigsøkonomi var basert på store mengder import, måtte importen finansierast. USA hadde heile attenhundretalet vore nettomottakar av lån og verdipapir frå Europa – som hadde finansiert USAs gigantiske landnåm. No byrja Storbritannia og Frankrike systematisk å likvidera slike verdipapir for å realisera dei som likviditet – som betalte for importen.

Dette gjekk ei stund. Men så byrja dei disponible, økonomiske ressursane å turka ut. I staden gjekk ein over på å lånefinansiera det heile – med J. P. Morgan som den sentrale arkitekten.

Men også slike privatlån har si grense. Særleg når den jødiskeigde delen av amerikansk finansnæring – med Jacob Schiff som den sentrale personlegdomen – ikkje ønskte å gje lån så lenge Russland var ein del av ententen. Våren 1916 byrja varsellampene å blenka – og alt tydde på at Storbritannia gjekk mot eit finansielt kollaps vinteren 1916-17.

I denne stoda var amerikansk isolasjonisme framleis sterk, og dei amerikanske krigsmotstandarane stod sentralt i det politiske fundamentet til Wilson. Dei fikk dytta på han valkampslagordet «He kept us out of the War» - og valkampen 1916 var slett ikkje nokon siger for dei kreftene som ønskte amerikansk intervensjon. Samstundes var det berre ein slik intervensjon som kunne hindra det finansielle kollapset – lånesummane var så enorme, og vaks så raskt at ingen privat bank lenger kunne bera dette.

Dette var bakgrunnen for tingingane mellom Mark Sykes og sionistane hausten 1916. Amerikanske jødar utgjorde ei hindring for amerikansk intervensjon som måtte ryddjast til side om Ententen ønskte å unngå fredsforhandlingar. Då trong ein legitimitet for intervensjon i jødiske miljø – og gjennom å lova bort Palestina til jødane ønskte Sykes å gje gode kort til dei som kunne bidra til eit slikt stemningsskifte. Dette galdt alt frå AFL-leiaren Samuel Gompers til sionistleiaren Stephen Wise som etter avtalen snudde 180 grader og byrja demonisera sine tidlegare vener i AUAM (Americans United Against Militarism). Og etter litt att og fram greidde Wilson losa USA fram til krigserklæring våren 1917.

Sionistane kunne altså jubla. Men fanst det nokre taparar i denne kjøpslåinga? Først og fremst tre. Tyskland hadde satsa mykje på å få i gang fredstingingar vinteren 1916-17. Dei ønskte eit maktforlik basert på status quo, som tok vare på det eksisterande statssystemet i Europa – med Tyskland i ei leiarrolle. Det vaklande ryggstøet til Storbritannia såg ut til å gje grunnlag for dette – hausten 1916 var den kritiske tida i britisk politikk der til og med elitefolk som lord Landsdowne byrja ta til orde for .tingingar. Men det tyske oppspelet vart møtt med togn frå det nøytrale USA – og den nye regjeringa i London greidde å ta livet av fredsinitiativet trass i ein utsett posisjon. Då fredsinitiativa stranda byrja børsen i New York igjen å veksa.

Men det fanst to taparar til. For det første dei som budde i Palestina: No vart det plutseleg laga ein internasjonal avtale som gav bort landet deira til innvandrarar som for det meste ikkje hadde kome enno.

For det andre dei tradisjonelle innanfor jødiske miljø. For Weizmann braut eit viktig tabu i jødisk tradisjon. Rike jødar hadde i lang tid spela på lag med politiske leiarar – som td. Bleichröder si støtte til Bismarck. Men det hadde vore tabu å mobilisera jødane som gruppe bak politiske prosjekt. Jødane levde som minoritet overalt, og sjølv om det kunne vera positivt for jødar å bli identifisert med ei eller anna «sak» i ei stormakt kunne dette slå tilbake på jødar i den stormakta som var i konflikt med den første. Den jødiske tradisjonen var djupt og grunnleggjande upolitisk – og dette hadde sikra jødane tryggleik i vanskelege tider. No vart alle slike omsyn kasta på båten.

Storbritannia kunne altså få hjelp til å dra USA inn i krigen, og Tyskland tapte. Tapet førte til at tyskarane var bitre. Ikkje berre avdi dei hadde tapt – men også på grunn av måten dette hadde skjedd på. Det var ikkje på slagmarka Tyskland vart knekt. Vel so viktig var ein britisk hungersblokkade som var ulovleg etter internasjonal rett. USAs «nøytralitet» hadde aldri gjort noko for å gjera slutt på dette grove brotet på internasjonal rett – medan alt Tyskland gjorde i ytterkant av regelverket med ein gong vart møtt med ultimatum frå USA. Blokkadevåpenet vart ikkje berre brukt under krigen – sommaren 1919 vart svolten også brukt som våpen for å tvinga Tyskland til å skriva under på ein avtale som mange oppfatta som ein karikatur av dei «14 punkta» som Wilson hadde proklamert som grunnlag for framtidig fred.

I staden for ei fredsordning basert på det gamle statssystemet gjekk dette systemet i oppløysing. Det austlege Europa gjekk i oppløysing i revolusjon og borgarkrig. Opp av kaoset reiste det seg eit nytt system – Sovjetunionen. I samtida vart desse revolusjonane oppfatta som «jødiske» - ikkje utan grunn. Mange av dei leiande personlegdomane i bolsjevikpartiet var av jødisk bakgrunn (Trotskij, Kamenev, Sinovjev m.fl.). I den kortvarige sovjetregjeringa i Ungarn var om lag tre firedelar av folkekommisærane av jødisk bakgrunn.

Då fredsavtalane var underskrivne byrja Storbritannia å administrera den seige (men legale) utskvisinga av dei opprinnelege innbyggjarane i Palestina. Jord var kjøpt opp, leilendingar kasta ut og jødiske busetjingar etablert i staden. Ei etnisk eksklusiv fagrørsle av sørafrikansk type vart skipa for å «frigjera jødisk arbeid».

Det var denne stoda som førte til eksplosjonen av antisemittisk litteratur og politikk i mellomkrigstida. Jødane var mellom dei svært få vinnarane etter første verdskrig. I Sovjet, der den tidlegare diskrimineringa vart avskaffa, antisemittisme vart straffa med dødsstraff og jødane vart ein synleg del av den nye, sovjetiske eliten i byar som Moskva og Leningrad der jødar tidlegare ikkje hadde hatt adgang.

I Palestina, der det britiske imperiet brukte sine siste krefter på å trenga til sides dei opprinnelege innbyggjarane for å gje plass til jødiske kolonistar.

I USA, der den amerikansk-jødiske eliten var mellom dei som hadde tent gode pengar på krigen og der denne eliten no byrja posisjonera seg andynes det som fram til då hadde vore WASP-eliten sine einemerke.

Då børsen i New York kollapsa i 1929 var det denne underliggjande gjæringa som kom opp til overflata – og som sette dagsorden for dei politiske ulukkene i tiåret som følgde.

Og stormuftien? Som ein kjent forfattar kommenterte – det einaste som var «stort» med muftien var tittelen. Han var den viktigaste talsmannen for palestinarane. I mellomkrigstida oppstod det krise etter krise i forvaltninga av Palestina. Dei lokale administratorane freista finna løysingar som gav rettferd båe vegar – til palestinarane, og til dei jødiske kolonistane. Kvar gong ei slik skisse til løysing kom til London vart ho skote ned av den jødiske lobbyen. Så var det «tilbake til start». Palestinarane mista til slutt tolmodet – og i 1936 byrja det første store palestinske opprøret. Det vart knekt med massiv bruk av militærmakt – og stormuftien hamna i eksil.

Og som så mange eksilleiarar mista han røyndomskontak – og lot seg bruka i eit politisk spel som Berlin organiserte. Han var ikkje åleine – sjølv eit naboland som Finland lot seg innrullera som medskuldig. Blokkaden av Leningrad – som førde til at ein million menneske svalt i hel – ville ikkje vore mogleg utan finsk hjelp.

Resten av historia kjenner vi. 700 000 menneske vart fordrivne frå Palestina med makt. Palmach-soldatar som fekk dagsordren frå Abba Kovner som bad om å slå hard til «i namnet til dei seks millionane» reagerte med avsky. Dei hadde vakse opp i landet, og visste at dei dei fordreiv ikkje hadde vore medskuldige i noko brotsverk mot jødane. Ein skulle liksom la palestinarane få smaka hemnen for det tyskarane hadde gjort? Den som les hebraisk litteratur frå perioden vil sjå den kognitive dissonansen desse soldatane opplevde. Mange syntes det var eit drittarbeid å bruka våpenmakt for å få kvinner og barn til å flykta frå hus og heim, og ville mykje heller møta fienden i strid. Men korta var spela, og bordet fanga. Det nye, israelske samfunnet måtte læra seg kunsten å teia, og gløyma. Og dei lærte seg etter kvart denne kunsten.

Så kva skal ein seia om «Stormuftien»? Ein liten og nokså forvirra mann, som lot frustrasjonen i si landflukt slå ut i forvirra politikk og hatefull tale. Knapt nok verdt å bruka tid på. Historias taparar brukar vera slik.

Historias vinnarar var dei som dreiv hestehandel og intrigar i 1916 – Weizmann og sionistane. Det var dei som skapte historie. Intrigane deira førde fram til staten Israel – og Holocaust.

Hans Olav Brendberg

Bloggkommentarer levert av Disqus