​Finanskapitalen som global parasitt

«Killing the Host» heiter ei av årets viktige bøker. Den amerikanske økonomen Michael Hudson har dei siste tiåra hatt mange jarn i elden, og har mellom anna vore ein av drivkreftene for å utvikla studie av arbeid, renter og økonomisk orden i antikken. «Killing the Host» handlar ikkje om antikken, men om her og no. Dei siste førti åra har den globale, økonomiske orden tatt ei ny retning – og Hudson ser nærare på nokre heilt sentrale drag i denne utviklinga.

Hudsons hovudidear er lett tilgjengelege. I følgje Hudson er finansnæringa ikkje ein del av økonomien – ho er ekstern i høve til produksjonen av realverdiar. Realøkonomien er det vi produserer: Varer, tenester og liknande. Finansnæringa bidreg ikkje til denne produksjonen, men lever av dei verdiane som blir skapt i prosessen.

Hudson hevdar difor at vi kan bruka parasittane som  ein god analogi for finansnæringa si rolle. Den vellukka parasitten tek ikkje livet av vertsdyret. Tvert imot vil ein vellukka parasitt ved hjelp av enzym og andre hjelpemiddel «overtyda» vertsdyret om at parasitten er ein del av eigen kropp. Parasittar som skal bruka vertsdyret som matlager for eigne ungar tek sjølvsagt livet av verten, men elles vil tilhøvet utvikla seg i retning ein slags symbiose.

Men denne symbiosen er likevel ufullstendig – organismen hadde klart seg betre utan parasitten. Og difor er det avgjerande viktig for parasitten å viske ut skiljet mellom seg og verten. Hudson meiner den økonomiske vitskapen har ei viktig rolle i å spreida myter om tilhøvet mellom finanskapital og realøkonomi, og at forståing av det verkelege tilhøvet er viktig for å påverka tilhøvet mellom parasitt og vert bort frå dagens situasjon, der parasitten kostar alt for mykje.

Korleis skal ein skilja mellom denne skjermen av mystifisering og tildekking på den eine sida – og det som er haldbart i den økonomiske vitskapen på hi side? Hudson ser på den økonomiske vitskapen si historiske utvikling frå dei franske fysiokratane og Adam Smith fram til dagens nyliberalisme. Økonomisk vitskap oppstod som ein kritikk av tilhøve som hang att etter det føydale samfunnet. Adelens jordmonopol var grunnlaget for adelsmakta i middelalderen, og jordeigarskapet gav adelen tilgang til arbeidsfri inntekt. Den enklaste måten å tena pengar på er å nytta eigarposisjon til setja eit stenge framfor ein ressurs, ein veg eller liknande. Dei som då ønskjer tilgang til ressursen må betala for dette – og eigaren kan tena pengar medan han søv i si seng.

Slike monopolinntekter gjev høge kostnader for den som skal produsera noko, og fungerer som daudvekt i økonomien. Den klassiske, politiske økonomien kritiserte slik rentenistinntekt, og ønskte få bort slike uproduktive sperrer til fordel for produksjon. Frihandel, skattleggjing av arv og jord og liknande var ein del av eit program for å frigjera produksjonsevne: Overskotet i samfunnet skulle brukast til produktiv investering, ikkje til å investera i eigna objekt for passiv tileigning av rentenistinntekter.

Gjennom politiske reformer som utvida røysterett og liknande vart dette programmet gjennomført, og dei tidlegare maktmonopola brotne til fordel for industrialisme og borgarsamfunn. Den klassiske, politiske økonomien gav retning til dei økonomiske reformane som følgde dette maktskiftet.

Men finansnæringa er eldre enn Adam Smith. Det er mange tusen år sidan templa i det gamle Mesopotamia byrja låna ut pengar mot renter. Utlån av pengar mot renter var såleis noko som skjedde i regi av statsmakta i desse samfunna. Rentefoten vart sett ut frå talsystemet, slik at det skulle vera enkelt å rekna ut rentene. Men opphoping av renter kunne bli ei sosialt destruktiv kraft – når gjelda blir for stor, vil ho veksa etter ein eksponensialfunksjon. Difor utvikla desse første «bankane» ein skikk med frigjeving av renter med ein del års mellomrom – det same som vi kjenner att som «jubelår» i Bibelen. I alle dei tre vestlege religionane finst det strenge forbod mot å ta renter på lån. Fram mot moderne tid var «åger» ei av syndene som kyrkja meinte det var viktig å setja grenser mot.

Den politiske økonomien som vitskap oppstod i opplysningstida, som del av ein klassekamp. Ein framveksande kapitalisme ville frigjera seg frå det eigedomsmonopolet som var ei etterlemning frå føydaltida. Produksjon og forteneste skulle henga saman, økonomien skulle prioritera produksjon framfor passivt eigarskap. I ein svært god gjennomgang av den økonomiske vitskapens historie syner Hudson korleis den klassiske økonomiens lærdomar har vorte forvanska, og korleis økonomisk vitskap meir og meir har vorte mystifisert. Frå å vera eit reiskap for kritikk har økonomisk vitskap vorte stumtjenar for dei rådande maktene, og viktige samanhengar i dagens realøkonomi blir kamuflert i statistikk og feidd under teppet i drøftingar om økonomisk politikk. Hudson er ein god vegleiar for å syna korleis ein kan nytta fagets klassiske tradisjon til å forstå dagens utfordringar. Han skriv knakande godt, og minner ikkje så lite om Erik Reinerts mange innhogg i same retning.

Planøkonomi og finansbobler


All økonomi er planlagt, slær Michael Hudson fast. Spørsmålet er kven som planlegg, og med kva mål for auga. Med dette som utgangspunkt drøftar Hudson Wall Street si rolle som økonomisk planleggjar, og ulike utslag dette får. Han drøftar korleis aksjemarknaden har vorte ein arena for blodsuging av amerikansk industri, der meir og meir kortsiktige finansoperasjonar skal halda aksjekurs oppe og avkastninga til eigarane høg – på kostnad av langsiktig, industriell investering. Og han syner korleis korleis eigedomsmarknaden er eit stort «hol» i den standarteorien som blir undervist i nyklassisk økonomi – eit «hol» som er avgjerande viktig for å forstå økonomisk utvikling dei siste tiåra. Gjennom deregulering har finanssektoren sikra at det utvikla seg ei enorm boble innanfor eigedomsmarknaden. I løpet av dei siste generasjonane har gjennomsnittsamerikanaren måtta lånt meir og meir av kjøpesummen når han har kjøpt seg bustad – og tilgangen til uregulert kreditt gjorde at dette utvikla seg til eit meir og meir halslaust pyramidespel. Bankane såg kva som kom rundt hjørna – medan dei tonegjevande økonomane prata i veg som om alle pilar peika oppover. Då krisa slo inn hadde bankfolka svaret klart for korleis krisa skulle «løysast» - kapitalinnsprøyting i finanssektoren som berre utdjupar og forsterkar problemet med eksponentsiell vekst i reine papirverdiar medan kostnadene blir velta over på ofra for Wall Streets planøkonomi: Dei som sit att med store lån etter at eigedomsbobla sprakk.

Hudson gjev svært detaljert og opplysande oversikt over dei ulike sidene av spelet som gjekk føre seg kring krisa i 2008, og korleis det er ein nær samanheng mellom bobleblåsinga som følgde dereguleringa og den gjeldsdrivne deflasjonspolitikken som no ligg som ein tung bør på den alminnelege, amerikanske borgar. Han syner også korleis denne utviklinga fører motsett veg av demokratiseringa som følgde i kjølvatnet av reformane som den klassiske, politiske økonomien dreiv fram: I staden for demokratisering fører Wall Street si rolle som økonomisk planleggjar til at det amerikanske systemet meir og meir blir eit lukka oligarki.

Sjølvpålagt armod.


Den tredje delen av boka nyttar Hudson til å drøfta «austerity» - den systematiske armodspolitikken som følgjer i kjølvatnet når alminnelege menneske må rydda opp etter at finanssektoren har hatt party. Han nyttar Latvia som døme på ein generell trend: Medan landet kom gjeldfritt ut av Sovjetunionen, har landet etter at det vart sjølvstendig utvikla ein finansdrive bobleøkonomi der ein veksande eigedomssektor finansierte import – og der utanlandske bankar styrte prosessen fram til landet i dag er nedsylta i gjeld og latviarar flest må reisa utanlands for å få seg arbeid.

Den planlagte armoda i delar av Europa er ikkje noko ulukke. Det er ikkje sant at euroen har «feila». Tvert imot gjer euroen det han skulla gjera: Han står i vegen for dei tiltaka ein suveren stat kan setja inn for å dra ein økonomi opp av stagnasjon og deflasjon. Politikken blir diktert av bankane, ikkje politikarane – og dette var meininga heile tida. Joda – vi får røysta i val kvart fjerde år. Men i land som blir råka av denne gjeldsfella er røystesetlane rein «junk» - dei har inga tyding for den økonomiske politikken som blir ført. Denne vil i staden bli diktert av teknokratar utnemnt av den «troikaen» som i røynda styrer europeisk økonomi: Den europeiske sentralbanken, IMF og Bank of International Settlements.

Når veljarane og demokratiet er devaluert kan ein så gjennomføra den politikken som er alle bankfolks draum, og som den tidlegare greske finansministeren Varioufakis karakteriserte som «gjeldspyramidespel». Gjennom planlagt armod blir det kutta i løner og utgifter slik at realøkonomien krympar – og statane blir enno mindre i stand til å betala ned gjeld som har vakse opp over pipa. Som i andre pyramidespel må det strøyma inn stadig større pengestraumar for å halda oppe illusjonen om at ein har unngått konkurs. Det som i staden skjer er at gjeldsbobla sikrar at alt av verdi til slutt endar opp i hendene på den eine prosenten som i dag eig halve kloden. Den forma for «økonomisk vekst» som desse kan lova oss er ikkje industrivekst og produksjon som i tidlegare fasar av kapitalistisk utvikling. Desse kreftene kan ikkje å skapa produksjon. Men dei kan å skriva ut faktura, og dei veit korleis dei skal laga betalingssperrer kring ting som tidlegare har vorte drive i offentleg regi for minimal kostnad.

Hudson dokumenterer også korleis tilhøvet mellom gjeldakkumulasjon og suverene statar også elles set dagsorden for framtidas økonomi. Ei svært opplysande sak er saka der Argentinas president Nestor Kirchner forhandla fram ei nedskriving av verdiane i argentinske statsobligasjonar etter den vanlege oppskrifta for slike gjeldsforhandlingar. Eit Cayman-registrert selskap byrja kjøpa opp obligasjonar som gjeldsforhandlingane hadde gjort verdlause til svært låge prisar. Så byrja dei køyra sak mot Argentina i rettsvesenet i delstaten New York – og fekk gjennomslag for at desse verdipapira skulle betalast til pålydande, ikkje til marknadspris etter gjeldsforhandlingane. Domaren såg heller ingen grunn til å leggja vekt på at den eine av partane var ein suveren stat: Dei same konkurslovene skulle nyttast som når ein familierestaurant i Bronx går konkurs. Slik kan finansinstitusjonane i New York nytta monopolsituasjonen som nav i verdas finanssystem (og dei «retts»-institusjonane som veks i halvskyggen kring dette) som utgangspunkt for å avskaffa andre statar sin suverenitet. Inkludert retten til å forhandla om eiga gjeld.

Kva må gjerast?


Hudson byjar ein diskusjon om kva som kan gjerast i to avsluttande kapittel. Dette er ikkje bokas mest uttømande og iderike del. Hudson er svært god på å skildra korleis finanseliten dikterer spelereglane i dei globale finanskrigane, men kva politiske krefter som kan stillast opp mot dette er han meir vag på. Hovudærendet hans er utansett å spreia kunnskap som gjer at ein ser røyndomen bak den propagandatåka som følgjer plyndringstokta.

Men  ein del konkret har han. Han syner mellom anna korleis det som blir kalla «jingle mail» i USA er ei viktig sikring mot gjeldsslaveri. Den amerikanske huseigaren kan om han vil berre gje lån og hus frå seg til banken – og gå gjeldfri ut på marknaden. Slik slepp han å stå til ansvar for meir enn marknadsverdien til huset. Det er bankane som gjennom sin lånepolitikk avgjer eigedomsverdi – og det vil vera heilt urimeleg at kvar einskild borgar skulle vera ansvarlege for resultata av denne bankstyrte planøkonomien, medan bankane var ansvarslause. I slike spørsmål kan lovgjevarane skjerma innbyggjarane mot gjeldsfella.

Hudson drøftar også ein annan viktig mekanisme – som delvis vil verka mot folks intuisjon. Bustad og eigedom er i stor grad skattefri. Dette skattefritaket er ein del av mekanismen bak gjeldsbobler. Når eigedom blir gjort skattefri, vil skattane i staden bli dreidd over på arbeid og alminneleg forbruk, som blir hardt skattlagt. Om ein i staden hadde skattlagt eigedom ville ikkje dette gjort det dyrare å bu. Tvert imot ville dette først og fremst ha gjort at meir av pengane vi brukar til å bu hadde gått som skatteinntekt til staten – mindre ville gått til finansnæringa. Om vi hadde erstatta skatt på arbeid med slik skatteleggjing ville det vore langt enklare å skapa lønsame arbeidsplassar – og meir kapital ville vorte dreidd frå «passiv» parasittisme til aktiv produksjon. Også her kan lovgjevar gjera mykje – men først etter at alminnelege folk forstår kven som tener på skattefritaket på bustad.

I Noreg har vi mange historiske røynsler, og viktige politiske krefter som er relevante om ein skal setja grenser for finanskapitalens uopplyste diktatur. Det gjeld alt frå konsesjonslover til ei fagrørsle som framleis er oppegåande – og til grunneigarane i Bondelaget. I tillegg har vi i delar av landet ein gründerkultur som står for ein heilt annan kapitalisme enn den parasittismen som Hudson skildrar. Og slik gründerkultur bør verja seg mot utsuging – slik Hudson mellom anna skildrar korleis Google sikra seg mot spekkhoggarane då dei gjekk på børs.

Det skulle såleis vera mange som hadde interesser i den diskusjonen som følgjer av Hudsons analyse. Ei slik breid tilnærming til diskusjonen ville vore interessant – og desse spørsmåla er viktig for dei fleste land i verda. Mange av dei tunge drivkreftene i internasjonal politikk handlar til sjuande og sist om dei mekanismane som Hudson skildrar i «Killing the Host». Førebels får det klara seg med å varmt tilrå:

Michael Hudson:

«Killing the Host. How Financial Parasites and Debt Destroy the Global Economy.»

Islet Verlag 2015. 435 sider.

Bloggkommentarer levert av Disqus