For nye lån må Hellas sine lønnstakere legge seg flate.

EU – eit prosjekt kun for storkapitalen


av Gunnar Sortland


Gunnar Sortland har vore aktiv medlem av Nei til EU sidan før folkerøystinga i 1972. Han har også jobba som historielærar i ungdomsskulen i mange år.


I dei seinare åra er det kome klårt til syne at EU-systemet er til for å tene kapitalinteressene medan folk flest får betale prisen.

Handsaminga Hellas har fått er så rå at eg tykkjer det er merkeleg at det partiet i Noreg som kallar seg arbeidarpartiet ikkje tar konsekvensane og seier nei til EU.

grexitjpg

Troikaen (EU-kommisjonen, EUs sentralbank og IMF) har tvunge Hellas til å privatisere omlag alt av verdiar. Landet er råka av ei svært høg arbeidsløyse, lønene fell, trygda er ribba til skinnet ved å måtte greie seg med under halvparten av den trygda dei hadde – som var låg allereie før kuttet. Ungar kjem svoltne på skulen, då dei ikkje har mat heime. Lærarar har ikkje råd til eigen bustad og sjukehus manglar viktige medisinar.

Det som verkeleg fekk meg til å sperre opp augo, var noko eg tilfeldigvis kom over. For å gje Hellas eit nytt lån, måtte Hellas godta eit krav om å lage lover som forbyr partane i arbeidslivet å ha kollektive avtalar.

Dette er det endelege provet på klassekarakteren til EU. Systemet er fullt og heilt på storkapitalen si side. At ikkje Arbeiderpartiet og LO innser dette, er for meg ei stor gåte.

Bloggkommentarer levert av Disqus