Hvorfor bommet alle meningsmålingene?

Den store bommen


av Gunnar Sortland
10. november, 2016



Så skjedde det som ikkje nokon trudde kunne skje, Trump vann valet i USA mot alle odds.


polljpg

Meiningsmålingar som konsekvent gav Clinton eit solid forsprang på Trump (i valsendinga til nrk snakka dei til langt på natt om kring 75 prosent sannsyn for ein Clinton-siger, endå Trump leia stort det meste av tida, berre avbrote av eit par kraftige hopp når resultata frå eit par av dei folkerike statane kring Washington kom inn.) i vekene før valet inkluderer Bloomberg Politics, CBS News, Fox News, Reuters/Ipsos, USA Today/Suffolk, Quinnipiac Monmouth, Economist/YouGov og NBC News/SM, ifølge RealClearPolitics.





All presse og alle TV-selskap køyrde ein einsidig kampanje for Hillary Clinton. Trump blei utropt som Putins puddel, russisk agent, og var i lomma på russarane pga store lån i russiske bankar.

Clinton sine kriminelle affærar blei det ikkje opplyst om. Det same einsidige fenomenet kom til syne i alle NATO-land. I Noreg gjekk til og med politikarar på ministernivå ut og åtvara mot Putin.

Kvifor dette svart/kvitt-biletet? Clinton var «verdsregjeringa» sin oppkjøpte kandidat. Dei superrike visste at Clinton er på deira side og ho er ikkje skuggeredd for å utrydde nasjonar som ikkje gjer som desse ynskjer. Ho var hovuddrivkrafta i knusinga av det velfungerande Libya. Ho ivra for flyforbodssone over Syria, noko som med stort sannsyn ville utløyst ein tredje verdkrig. Absolutt alle verkemiddel blei tekne i bruk.

Meiningsmålingsinstitutta og prognosemakarane bomma så det grein. Alle spådde ein klar siger til Clinton. Dagen derpå var heile etablissementet i sjokk. Den eine eksperten / betrevitaren etter den andre stod fram for å forklare korleis meiningsmålarane kunne ta så feil. Somme meinte undersøkingane ikkje var breie nok. Dei var ikkje representative. Spørsmåla kunne vere feile eller stilt på feil måte og så bortetter. Men ikkje nokon av kommentatorane var inne på tanken: Kunne det vere slik at det var juksa med talmaterialet? Ja, at desse institutta regelrett dreiv med valkamp for Clinton?

Dei største aviser og TV-kanalar er eigd av dei superrike. Eg tippar det same gjeld for gallupinstitutta óg.

gallupbuildingjpg
Opinionsindustrien er big business. Då George Gallup i 1935 i New York grunnla the American Institute of public opinion, verdas første meiningsmålingsinstitutt, hadde han som målsetning å objektivt registrere folkemeiningar. For å garantere ei uavhengig og objektiv undersøking, sette han som krav at han ikkje skulle ta på seg meiningsmålingsoppdrag finansiert av grupper med spesielle interesser, slike som t.d. det Republikanske eller det Demokratiske partiet. Etter sin død i 1984, vart firmaet seld til Selection Research, Incorporated. Dei edle prinsippa frå 1935 er vraka, og selskapet har klientar som spenner frå FN til Verdsbanken, med over 60 000 tilsette i 160 land som utfører 350 000 intervju årleg.



Dette er rein psykologi. Mange menneske ynskjer å høyre til vinnarlaget. Dei er usikre og vil såleis sjå på kva andre meiner, for så å røyste rett. I 1994, føre den store folkerøystinga 28. november om EU-medlemsskap, spådde eg at den aller siste gallupen før avrøystingsdagen ville syne fleirtal for EU (for første gong). Eg fekk rett. Dette syner at meiningsmålarane ikkje er nøytrale, dei driv rett og slett politikk på makta / oppdragsgivarane si side.

Det er jo rart at ikkje nokon har kome på dette.

Bloggkommentarer levert av Disqus