Israel: Ressurssenter for krig og kontroll

Ressurssenter for krig og kontroll

 

Bokomtale av Hans Olav Brendberg

 

Jeff Halper er mest kjent som formann i den israelske komiteen mot husknusing – ein komite som freistar bremsa den israelske øydeleggjinga av det palestinske samfunnet. Ei øydeleggjing som konkret kjem til uttrykk i tusenvis av husrivingar. Halper har nett gjeve ut boka «War against the people». Men denne boka handlar ikkje om husknusing. Halper freistar i boka si å løfta blikket, og svara på spørsmålet: «Korleis kan Israel sleppa unna med alt dette?». Det er eit viktig spørsmål, og Halpers bok er eit godt bidrag til å finna svar på spørsmålet.

 

Halpers bok handlar om korleis staten Israel står heilt sentralt i det globale undertrykkjingsapparatet. Det store biletet Halper teiknar – av global kapitalisme, rike land andsynes global periferi og væpna undetrykking gjennom eit stadig meir sofistikert apparat for væpna kontroll med nedtrampa folk – er skisseprega og bygt på fellesgods på venstresida. Dette er ikkje nokon avgjerande veikskap. Halper er fokusert på Israel si rolle innanfor dette globale systemet – og her har Halper omfattande kunnskapar og god systemforståing. Og ikkje minst – han er ein god formidlar. Halpers bok er ei gullgruve når det gjeld å syna i detaljar korleis israel har gjort den permanente undertrykkinga og umenneskeleggjeringa av palestinarane til eit kommersielt produkt som dei sel til globale maktelitar.

 

Halper innleier boka med ein grei introduksjon til dei nye formane for krigføring. Dagens globale kapitalisme handlar ikkje minst om å akkumulera gjennom å gjera store menneskegrupper eigedomslause – å tileigna seg naturressursar, jord, felleseige, almenningar, offentlege tenester og andre verdiar som folk fram til no har hatt rett til eller eigd. Akkumulasjonen skjer gjennom å ta frå desse folkegruppene det dei har – og difor blir passivisering svært viktig. Alt dette skjer innanfor eit globalt system, og elitane i dei sentrale stormaktene – og deira lokale tenarar rundt ikring i den globale periferien – må hindra at denne akkumulasjonen blir møtt med motstand. Dette er bakgrunnen for sekurokratiet og sekurokratisk teknologi, ideologi og organisasjon.  Taparane i spelet må haldast nede om vinnarane skal sikra vinsten. Og dei siste tiåar har difor politisk valdsbruk endra andlet: Grensene mellom krig og fred er mindre skarpe, og det har utvikla seg ei gråsone der lågskalakrig møter skyteglad politimakt: Hybridkrigar, pasifikasjon og alt som høyrer med.

 

Etter å ha skissert det store landskapet her går Halper over til å dokumentera Israels rolle i dette globale spelet. Israel er ei andrerangs makt, og landet har ikkje ein eigen forsvarsindustri som kan ha ambisjonar om å levera eigne våpenplattformer på alle felt på ein global våpenmarknad. Israel har utvikla mange førsteklasses våpen – til og med eigne jagarfly og stridsvognar. Israel sender opp eigne satellittar, og har eigne atomvåpen. Men voluma blir for små til at landet kan forsvara industrielt å ha eigne våpenplattformer over heile spekteret. I staden har landet følgt ein svært vellukka strategi for nisjetilpasning, der dei leverer sine forsvarsprodukt som system og tilpasningar som går i hop med td. amerikanske fly eller liknande.

 

Halper fortel historia om korleis Israel har tilpassa seg undervegs, og om korleis landet har vorte globalt leiande leverandør av ulike typar sekurokratisk teknologi og taktikk. Det handlar om alt frå IKT som gjev soldatar tilgang på informasjon via hjelmvisiret til korleis ein kan nytta stinkande væske til å spreia folkemengder. Utgangspunktet har vore tilpassing innanfor konvesjonell militærteknologi, men Israels spesielle situasjon har gjeve landet ei pionerrolle innanfor den dei nye formene for krigføring. Nisjetilpasninga har skjedd undervegs, og dei midla israelarane har måtta utvikla for å halda grannelanda frå livet og palestinarane nede har vorte ei rad oppfinningar som har funne ein global marknad. Dette er kjerna i det israelske, militærindustrielle komplekset – eit militærindustrielt kompleks som i høve til landets storleik er langt mektigare enn det tilsvarande amerikanske.

 

Det dreier seg om ei rad oppfinningar – alt frå reaktiv pansring og skotsikre plagg for soldatar til droner til ergonomiske cockpitar og cyberkrig. Men like mykje dreier det dei råmene maktbruk skjer innanfor: Passivisering, ideologi, legitimering og rettsleggjering av valdsbruken.

 

I denne prosessen har Israel utvikla tre makronisjer der landet hevdar seg heilt i tet. For det første har landet vorte ein verdsleiar på stash: Alt utstyr ein treng til alt frå konversjonell krig til tryggleik på flyplassen – alt som handlar om teknologi for maktbruk og kontroll. Til å vera eit så lite land har Israel ein unik breidde på dette feltet.

 

For det andre handlar det om det som handlar etter at ting er avgjort på slagmarka: Stabilisering og passivisering.

 

Og for det tredje handlar det om forståingsråmer – med media og juss som viktige frontavsnitt. Dette handlar om å underminera folkerett, internasjonal humanitær rett og andre liknande hinder for Israels handlefridom – og å delegitimera ofra for Israels politikk. Halpers bok handlar først og fremst om nisje ein og to – sjølv om Israel sjølvsagt også er verdsleiande innanfor kampen kring forståingsråmer.

 

I nisje 1. finn vi den israelske våpenindustrien – ein industri med kring 40 000 beinveges tilsette. Den israelske våpenindustrien samarbeider tett med den israelske forsvarsmakta, og sel for kring 10 mrd. dollar kvart år. Halper forklarar kva type produkt denne industrien utviklar og produserer, og korleis Israel har skapt og sikra denne nisjen som er heilt avgjerande for landets sentrale rolle i den globale tryggleiksbisnissen.

 

I nisje 2. finn du Israels regime for «tilstrekkeleg passivisering». Dette handlar om alt frå sjekkpunkt til diskriminerande lovgjeving til avretting av politiske leiarar – til saman har Israel laga eit vasstett system av overvaking og kontroll med den palestinske folkesetnaden. Eit «fengsel i eit festning», for å nytta Halpers bilete. Og dette regimet, dei røynslene det produserer, den kompetansen det utviklar og det sjølvbiletet det produserer – er også svært viktig for Israels rolle som global stormakt på levering av «tryggleik». Gaza og Vestbreidda fungerer som gigantiske laboratorium der Israel kan finpussa på teknologi, rutinar, organisasjon og informasjonsinnhenting som trengst for å halda eit nedtrødd folk under jarnhælen. Også denne kunnskapen finst det ein global marknad for – hjå elitar som er redde for eige folk, og treng hjelp til å halda kontroll med eigne undersåttar. Slik er svært tunge delar av israelsk næringsliv avhengige av å halda gåande ein evig konflikt for å sikra dei nisjene som har gjort landet til teknologisk stormakt på «tryggleik».

 

Dette gjeld ikkje berre den direkte, israelske våpenindustrien, men også dei «tryggleiksfirmaene» som lever i skuggane som du finn kring dette militærindustrielle komplekset. Den største einskildvaren på Israels liste over eksportvarer er ikkje våpen, men diamantar. Svært mykje av desse diamantane kjem frå Afrika – og er eit biprodukt av «tryggleiksfirmaenes» innsats for å eksportera israelske våpen.  Og den mest informative og spanande delen av Halpers bok er korleis han nøstar opp dei mange omsyna som pregar denne skuggeverda.

For det første brukar Israel våpen som ein reiskap i utanrikspolitikken. Israel ønskjer å kjøpa seg politisk støtte gjennom å binda ulike regime til seg – og dette har vore ein medviten politikk i lang tid. Israel har ingen avgrensingar på kva regime dei er viljuge til å hjelpa med utstyr og «ekspertise», og gjennom å levera det undertrykkande regime treng sikrar Israel seg naudsynt, politisk støtte. Dette er ei av drivkreftene bak Israels rolle i td. Afrika.

 

For det andre har Israel status i den vestlege skuggeverda. For israelarane handlar dette ikkje berre om å førebu seg på ein teoretisk krig: Israelsk utstyr, israelsk personell og israelske idear er testa ut i praksis. Hjå spesialavdelingar og hysj-hysjpoliti og eliteavdelingar og alt slikt gjev dette status. Den endelause trampinga på eit nedtrødd folk gjev status på dei marknadene som har pengar til å kjøpa israelsk utstyr og «know-how». Slik blir Israel ein viktig inspirator for det nye sekurokratiet. Dette har for lengst hatt viktige konsekvensar i praksis – Halper syner mellom anna korleis den amerikanske modellen for okkupasjonsregime i Irak var inspirert av den israelske modellen for kontroll.

 

For det tredje har israelarane enorme fordelar gjennom si amoralske tilnærming til dette. Den israelske «tryggleikssektoren» er privat – men kan likevel operera med sterk støtte frå den israelske staten, som berre held ei armlengdes avstand. I oppgjerdene mellom stat, gerilja og narkobaronar i Columbia kan dei israelske firmaene operera på alle sider av bordet, tena pengar og byggja nettverk i alle retningar. Med dei pengemengdene som er i omløp er dette sjølvsagt ekstremt lønsamt. Og slik kan våpenhandel, nedtramping av menneske, diamanthandel, kvitvasking av pengar og alt det andre gå opp i ei høgare eining – og Israel få ei langt meir sentral rolle i det globale undertrykkingsapparatet enn det storleiken på landet skulle tilseia.  Halper er i tillegg eit oppkome av gode historier av korleis «fredsduer» som Shlomo Ben-Ami kan skiftar hatt og i neste omgang dukka opp som sakkyndig støtte for amoralske våpenhandlarar. Eller korleis den europeiske menneskerettsdomsstolen syter for at dei største kjeltringane ikkje blir utlevert frå Russland til dei statane i Sør-Amerika der dei har drive brotsverk en gros.

 

Halper gjev ikkje «heile biletet» av Israels globale rolle. Men han gjev ein viktig bit – og syner korleis staten Israel over tid syter for å ikjøta dei antisemittiske stereotypiane som den jødiske opplysinga i stor grad la i møllposen. Og ikkje minst syner han Israels globale leiarrolle i dette spelet.  Dette er viktig, og dette er ei bok som fortener mange lesarar.

 

Jeff Halper: «War against the people”

Pluto Press 2015

340 s. inkl. Register og noteapparat

Bloggkommentarer levert av Disqus