Rapport om UKs underkastelse av EU

AVSLØRT: Storbritannia er 'forplikta' til å akseptere samtlege lover EU har tvinga gjennom, stadfestar rapport.

Ein ny rapport har avslørt at Storbritannia er tvungen til å godta lover og dommar dei blir pådytta av EU.


Av Jack Fenwick

Publisert i Express, fredag 15. april, 2016


Ein ny rapport hevdar at Storbritannia er 'forplikta' til å godta EU sine lover.


Den 96-sider lange rapporten, som vart sleppt i det stille av ministrar før den viktige folkerøystinga om EU i juni, kjem før starten på den offisielle kampanjen.


Og dokumentet -- som set søkelyset på Brussels kvelartak på Storbritannia -- vil bekymre eurokratar som kjempar for at Storbritannia framleis skal vere EU-medlem.


dominic-raab_1901450a.jpg

Justisminister Dominic Raab


Dominic Raab har slått ut mot EU etter at funna vart publiserte.

Det kraftige dokumentet seier at Storbritannia må 'adoptere all lovgiving som er nødvendig' for å sikre at britiske lover ikkje stiller hindringar i vegen for EU-reglar.

Justisminister Dominic Raab åtvarer om at rapporten beviser at dommar gjort av «europeiske feite kattar" [ engelsk uttrykk for prangande og sjøltilfredse rikingar, oms. ] «trumfar britisk høgsterett».

Den framståande euroskeptikaren seier: «Det er viktig at vi har i det minste nokre felles fakta i denne debatten.»

«Og rapporten tilstår at EU-lov overstyrer britisk lov, og EU-Domstolen trumfar britisk høgsterett».

«Med over 60 prosent av britiske lover laga i eller fått frå Brussel, tøyer EU den demokratiske kontrakten til brestepunktet.»

«Enten du står til venstre eller høgre i politikken, så må det britiske folk tvinge tilbake den demokratiske kontrollen den 23. juni.»


fatcats.jpg

Feit europeisk katt?


Rapporten legg til: «Medlemsstatar må garantere at handlingane deira er i samsvar med regelverket i EU-lova, og må tileigne seg nasjonal lovgiving som er nødvendig for å gjere EU-lova rettskraftig.»


«Dei nasjonale domstolane deler ansvaret for å utøve EU-lova med EU-Domstolen. Einkvar person eller eitkvart selskap har retten til å bringe den britiske regjeringa (eller i nokre tilfelle andre personar eller selskap) inn for retten i ein britisk domstol dersom dei ikkje handlar i samsvar med EU-lovgivinga».


«Der ein nasjonal domstol finn at nokon har brote EU-lova, vil den gjere dei nødvendige tiltaka for å sikre at EU-lova vert sett i kraft, noko som kan medføre tilsidesetting av nasjonal lovgiving som kjem i konflikt med EU-lova. I nokre tilfelle kan dei også pålegge den tapande parten å betale skadeerstatning.»


Omsett av Monica Sortland

Bloggkommentarer levert av Disqus